43 millionar til å fremje leselyst blant barn og unge

Barn les rekordlite og rekorddårleg. No vil regjeringa sette av 43 millionar kroner i det kommande statsbudsjettet til å gjere noko med dette.

Pengane skal mellom anna gå til skulebibliotek og leseorganisasjonar, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery til NRK.

Den norske forleggerforeningen meiner at regjeringa burde sette av enda meir pengar til dette arbeidet. Dei viser til Sverige der dei har sett av to milliardar kroner til same formål.

Kultur- og likestillingsministeren seier at ein ikkje berre kan kopiere den svenske ordninga, då det er ulike system i Sverige og Noreg.