Politikar føreslår å fjerna haustferien – elevrepresentantar er kritiske

Senterpartipolitikar Anja Ninasdotter Abusland føreslår å fjerna hausteferien. Elevrepresentantar meiner ein pause er bra for elevane.

Stortingsrepresentant for Senterpartiet Anja Ninasdotter Abusland har vore ute i Dagbladet og føreslått å avvikla haustferien.

– Haustferien er utdatert og kjem frå ei tid me ikkje er i. Tanken bak ferien var å hausta poteter, men slik er ikkje kvardagen i dag. Barn har ikkje lenger behov for denne ferien for å reisa heim og jobba, seier ho til VG.

Bør barn ha haustferie?

Bør barn ha haustferie?

Ja3
Nei0
Svar totalt: 3

Potetferie

Haustferien vart tidlegare kalla potetferie, og var lagt til då potetene skulle haustast.

No er det fylkeskommunane som bestemmer tidspunkt for haustferien. Halvparten av landets fylke har i år ferie i veke 40 og resten i veke 41.

På Svalbard og i Troms og Finnmark har elevane haustferie i over ei veke.

Abusland meiner det er mykje press på å rekkja alt skulearbeid før haustferien, og at mange foreldre har problem med at dei har for få fridagar til å ta ferie.

Elevorganisasjonen: – Ein pause for elevane er bra

Utdanningsforbundet er kritiske til å gje elevane mindre ferie.

Òg Elevorganisasjonen meiner at dagens ferieordning fungerer bra, og ser ikkje noko behov for endring.

– Ein pause for elevane på hausten er bra, og gjev ei moglegheit til å henta seg inn att etter skulestart. Om haustferien fjernast vil det vera veldig langt mellomrom mellom sommarferie og juleferie, seier leiar Madelen Kloster til VG.