Barn kan bli lykkelegare om familien kuttar skjermtid

Ei ny dansk studie viser at når familiar reduserer skjermtida til maks tre timar i veka på fritida, får barna betre mental helse.

Om studien
  • 89 familiar deltok
  • Det var barn og unge mellom fem og 17 år i familiane
  • Kritikk: Ikkje sikkert at dei positive effektane varer

Kjelde: forskning.no.

LES FAKTALUKK FAKTA

Danske forskarar har sett på korleis redusert skjermbruk i familiar påverkar barn og unge si mentale helse. Skjermbruken inkluderer alt frå smarttelefonar og nettbrett til TV og datamaskiner, skriv forskning.no.

Resultata viser at familiar som kuttar ned bruk av skjerm på fritida til maks tre timar i veka, opplever fleire positive effektar.

Til dømes har barna i desse familiane mindre problem med vennar og betre konsentrasjon. I tillegg såg ein at barn og unge fekk meir tid saman med jamgamle.

Forskarane trur årsaka til dei positive effektane, kan vere at familien får moglegheit til å tenke nytt om kvardagen og korleis dei bruker tid saman.