Romfartøy landa på jorda utan passasjerane som eigentleg skulle vera med

Nyleg landa romfartøyet Boeing Starliner på jorda. Men astronautane som eigentleg skulle vera med var ikkje om bord.

Den internasjonale romstasjonen
  • Ein permanent romstasjon som alltid er bemanna
  • Blei ferdig montert i 2011
  • Går relativt lågt i bane rundt jorda
  • Omtrent like stor som ei fotballbane
  • Blir drifta av USA (NASA), Japan (JAXA), Canada (CSA), Russland (Roskosmos) og Europa (ESA)
  • Romstasjonen blir brukt til forsking

Kjelde: snl.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Tidlegare i sommar frakta romfartøyet Boeing Starliner astronautane Butch Wilmore og Suni Williams til Den internasjonale romstasjonen, skriv BBC.

På turen opp fekk romfartøyet tekniske problem, men astronautane kom seg trygt til romstasjonen. Etter planen skulle dei to astronautane opphalde seg på Den internasjonale romstasjonen i åtte dagar, men som følgje av dei tekniske problema blei opphaldet utvida til åtte månader.

Det blei vurdert som for farleg at dei to astronautane skulle sitta på med Boeing Starliner-fartøyet tilbake til jorda. Dermed må dei vente til februar då dei skal få skyss med eit anna romfartøy.

No har romfartøyet dei eigentleg skulle reise heim i, landa på jorda.

ASTRONAUTAR: Butch Wilmore og Suni Williams skulle eigentleg sitta på med romfartøyet som nyleg landa på jorda. Foto: NASA via AP / NTB

Les også: Det nye romkappløpet – landa kjempar om månen og Mars.