Det nye romkappløpet – landa kjempar om månen og Mars

Prestisje og draumen om Mars fører til auka romaktivitet.

I august i år greidde India det fleire land har kappast om dei siste åra. Dei vart først til å lande i nærleiken av månen sin sørpol. Det gjorde dei med eit fartøy utan folk i. Berre nokre dagar før hadde Russland prøvd på det same, utan å få det til.

Du har kanskje høyrt om romkappløpet på 50-, 60- og starten av 70-talet. Då konkurrerte USA og Sovjetunionen om å vere først på månen. 

Astronaut Edwin Aldrin går på månen då amerikanarane landa på månen i 1969, og dimed vann romkappløpet. Foto: NASA

No snakkar ein om eit nytt romkappløp. 

– No er det mange fleire som har kome på bana. Både det vi kallar offentlege aktørar, som NASA, men også ein del private aktørar knivar om å kome seg både hit og dit, og særleg om månen, fortel Arvid Bertheau Johannessen i Norsk Romsenter.

Spesielt Kina er på frammarsj. Dei har eit stort romprogram, og er i gang med å bygge ein eigen romstasjon.

Museum over eiga fortid

Stormaktene opptekne av å vise kven som er størst og best, forklarar Arvid. Men han meiner utforskartrong og vitskapen er det som driv dei som jobbar med det.

– Ved å finne ut meir om universet, og ved å finne ut meir om månen og Mars, finn vi òg ut meir om vår eigen planet. Der ute har ting lege urørt, og blir eit slags museum over eiga fortid.

Arvid Bertheau Johannessen er
fagsjef for bemanna romfart og utforsking hos Norsk Romsenter. Foto: Norsk Romsenter.

Bensinstasjon på månen

Grunnen til at «alle» er interessert i å lande på månen sin sørpol, er at det er observert is der. Planen er å lage ein forskingsstasjon på månen, slik at menneske kan opphalde seg der over lengre tid. Då treng ein ressursar på staden, for det er dyrt og lite ein kan ta med seg til månen.

– Når du er der på natta er det ikkje akkurat trivelege forhold, med minus 200 grader. For å overleve månenatta må du sørgje for energi.

Med vatn kan ein kanskje lage drivstoff. 

– Ein ser for seg månen som ein mellomstasjon, eller ein slags bensinstasjon, for reiser vidare. Mars er det neste spanande målet.

Menneske på Mars

Arvid trur menneske kan vere på Mars i løpet av dei neste tjue åra. Men reiser og utforsking av Mars er ei heilt anna utfordring enn månen.

Oppskyting av det indiske Chandrayaan-3-fartøyet, som vann kappløpet om månens sørpol. Foto: Indian Space Research Organisation (GODL-India) via Wikimedia Commons.

– Der er reisetida minst eit halvt år berre for å kome seg dit, og forholda er meir ekstreme. Ein må også ha ein plan for å få folk tilbake.

Nødvendig med samarbeid

Arvid fortel at det har danna seg blokker i samarbeid mellom land, og at fleire private er med i romkappløpet.

– Er du bekymra over mindre samarbeid og at meir blir privat?

– Eg tenker at i romfart er samarbeid heilt nødvendig. Det er veldig få land som har råd og kapasitet til eigne komplette romprogram, og dei største bragdene er basert på fredeleg samarbeid.

Kinesiske astronautar vinka farvel før dei vart sende opp til Kinas romstasjon Tiangong under Shenzhou-17-oppdraget som starta 26. oktober 2023. AP Photo/Andy Wong)

Han meiner det er viktig at ein blir einige om gode køyrereglar for korleis oppføre seg i rommet. 

– Det som er i rommet, er det eigentleg ingen som eig. Det er allemannseige.