Menneska har påverka asteroide for første gong

Det var ein krasj med eit romfartøy som førte til at menneske for fyrste gong påverka banen til ein asteroide.

Asteroidar

Ein asteroide er ein liten, klumpete himmellekam som går i bane rundt Sola. Asteroidar er laga av metallet jern og av stein. Dei er vanlegvis grå, men nokre asteroidar kan vera meir raudlege. Asteroidar har ofte mange krater på overflata.

Kjelde: lille.snl.no

LES FAKTALUKK FAKTA

I 2022 sende NASA opp eit romfartøy som hadde som mål å krasja med asteroiden Dimorphos, skriv Forskning.no.

Asteroiden går i ring rundt ein annan større asteroide målte 160-170 meter i diameter, mens romfartøyet med namnet DART vog omtrent 600 kilo.

LIKE FØR: Denne illustrasjonen viser korleis det kan ha sett ut like før romfartøyet DART krasja inn i asteroiden Dimorphos. Illustrasjon: NASA

22 000 kilometer i timen

Forskarar sende romfartøyet DART i retning asteroiden i ein kolossal fart på 22 000 kilometer i timen.

Dette resulterte i ein forrykande kollisjon som førte til at asteroiden endra bane. I tillegg starta Dimorphos bevega seg mykje nærare asteroiden han går i ring rundt.

STØRRELSE: Her ser ein størrelsen på romsonden Dart og asteroiden Dimorphos samanlikna med kjente landemerke. Illustrasjon: NASA

Forsking for framtida

Årsaka til at NASA gjorde dette forsøket var å finna ut om vi menneske faktisk kan vera med å styra retning asteroidar går dersom vi treng det i framtida.

No blir det sendt eit nytt romfartøy til Dimorphos-asteroiden for å så nøyaktig som mogleg finne ut korleis vi menneske kan påverka asteroidar i framtida.