Vil visa at sjølvmord kan førebyggjast

10. september er verdsdagen for sjølvmordsførebygging.

Korleis takla sjølvmordstankar?
  • Sjølvmordstankar er tankar om at du ikkje vil leva meir.
  • Sjølvmordstankar er ikkje uvanlege og farlege i seg sjølv, men kan vera skremmande.
  • Den beste måten å takla sjølvmordstankar på, er å dela dei med andre.
  • Vel deg ut ein vaksen person du er trygg på og fortel korleis du har det.
  • Du kan til dømes snakka med ein forelder, lege eller helsesjukepleiar.

Kjelde: ung.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Målet med denne dagen er å auka bevisstheit om at sjølvmord kan førebyggjast.

Å skapa håp gjennom handling. Vis at du ser. Vis at du lyttar. Vis at du bryr deg, er mottoet til LEVE for Verdsdagen for sjølvmordsførebygging.

LEVE (Landsforeininga for etterlatne ved sjølvmord) er ein landsdekkande organisasjon som jobbar for å støtta etterlatne og råka av sjølvmord. Organisasjonen markerer 10. september på ulike måtar rundt omkring i heile Noreg.

På verdsbasis tek 700 000 menneske livet sitt kvart år. Sjølvmord er den fjerde vanlegaste dødsårsaka for menneske mellom 15 og 29 år.

Sjølvmord skjer i alle delar av verda, men dei aller fleste skjer i fattige land. I Noreg er det rundt 600 personar som årleg tek livet sitt.

Treng du å snakka med nokon? Ring Mental Helse116 123 eller Kirkens SOS22 40 00 40