Ukrainske born må gå på skule i bomberom

I Ukraina er minst 300 skular øydelagde i russiske angrep. Difor består skulekvardagen til mange ukrainske elevar av undervisning i bomberom og frå heime.

Krigen i Ukraina
  • Krig mellom Russland og Ukraina
  • Starta i februar 2022 då Russland invaderte Ukraina
  • Årsaka til Russlands innovasjon var målet om å ta kontrollen over Ukraina
  • Krigen har bakgrunn i Ukraina-konflikten som har gått føre seg sidan 2013

Kjelde: snl.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Ein rapport frå Redd Barna viser at nesten halvparten av alle ukrainske born (1,9 millionar) no må nøye seg med undervisning frå heime, skriv Utdanningsnytt.

I tillegg er det mange ukrainske skuleborn som får undervisning på t-banestasjonar og i bomberom. Dette for å ta vare på tryggleiken om det skulle skje eit nytt angrep.

KLARGJERING: Her ser vi to foreldre som jobbar i det ukrainske militæret. Dei førebur dottera på første skuledag på internatskule. Foto: Efrem Lukatsky / AP Photo / NTB

Brot på born sine rettar

Berre skular med tilfluktsrom som er store nok til å husa alle elevar og tilsette, får lov å halde ope som vanleg. I visse område er alle skulane stengt grunna faren for angrep frå Russland.

– Å angripe bygningar som blir brukt til undervisning, er både eit krigsbrotsverk og eit brot på barn sin rett til utdanning. Skular er barn sin arena for å skapa seg ei framtid, også i krig, seier Henriette Westhrin, generalsekretær (leiar) i Redd Barna, til Utdanningsnytt.

VELKOMST: Her blir elevar og foreldre ønskt velkomne første skuledag. Heile skulen deira ligg under bakken for at lærarar og elevar skal vere beskytta mot åtak frå Russland. Foto: Andrii Marienko / AP Photo / NTB

Gladare av skule

Redd Barna sin rapport viser òg at 60 prosent av ukrainske born seier at krigen har fått dei til å miste lysta på læring.

FN reknar med at 1,5 millionar ukrainske born står i fare for å få psykiske problem, til dømes depresjon og angst, på grunn av krigen i landet.

SKULESTART: Ein ung gut har sin aller fyrste skuledag på ein internatskule i Kyiv, hovudtsaden i Ukraina. Foto: Efrem Lukatsky / AP Photo / NTB

– Å få gå på skule er svært viktig for barn si mentale helse. Der møter dei vennene sine og kan uttrykkja korleis dei har det. Det gir dei ei form for normalitet i ein elles kaotisk kvardag, seier Westhrin.