Karsten Warholm skal i superduell

Onsdag skal den norske hekkeløparen Karsten Warholm løpe 100-meteren mot Armand Duplantis. Duplantis er svensk verdsrekordhaldar i stavsprang.

Diamond League

Ein serie på 15 friidrettsstemne som årleg blir arrangert i ulike byar i Europa, til dømes Oslo, i tillegg til i Marokko, Qatar, Kina og USA.

LES FAKTALUKK FAKTA

Torsdag 5. september er det Diamond League-stemne i byen Zürich i Sveits. Då skal Warholm konkurrera i 400 meter hekk og Duplantis skal konkurrera i stavsprang.

Men allereie dagen før, onsdag 4. september, skal dei to utøvarane konkurrera – og det mot kvarandre i 100 meter springing. 

Begge utøvarane har tidlegare konkurrert i 100 meter. Warholm si beste tid er 10,49 sekund og Duplantis si beste tid er 10,57 sekund.

– Heilt ærleg, så trur eg ikkje det blir noka supertid på nokon av oss. Men eg vil bli skuffa om eg ikkje klarer å dukka under 10,40, seier Warholm til NRK.

Superduellen kan sjåast på NRK TV eller NRK1 klokka 21.15 onsdag 4. september.