Eit yrande liv i treet sitt indre

Forskarar sjekka kor mange mikroskopiske skapningar som lever livet sitt i ei trestamme.

I rotne tre vil insekt og sopp ta overhand og eta opp veden. No har forskarar funne ut at det finst eit yrande liv av mikroskopiske skapningar også i levande, friske tre.

Forskarane gjekk ut i skogen og tok med seg ein liten bit av 158 tre av 15 ulike sortar. Blant anna eik, lønn og furu. Dei tok òg med seg ei prøve av jorda rundt kvart tre, skriv Ung.Forskning.no.

Etterpå sendte dei tre- og jordprøvene til eit laboratorium for å finne ut kva som fanst av mikrobar. Mikrobar er eit ord for fleire ørsmå, levande vesen. Til dømes bakteriar, virus og nokre soppartar.

Ein billion mikrobar

Laboratorietestane gav svar på kor mange mikrobar som fanst i kvar lita bit med tre eller jord. Då kunne dei rekna ut omtrent kor mange det vil vere i eit heilt tre. Dei kom fram til at det må vere rundt ein billion. Det er tusen milliardar.

Det var tidsskriftet Science som fyrst omtala forskinga.