I dag er det 55 år sidan den første månelandinga

20. juli er den internasjonale månedagen.

20. juli 1969 gjekk menneska på månen for første gong. Spaserturen blei sendt direkte på tv over heile verda. Nærmare 650 millionar menneske følgde tv-sendinga, ifølge Store norske leksikon. 

FN skriv at den internasjonale månedagen skal «hylle prestasjonane til alle statar i utforskinga av månen, og […] auke offentleg bevisstheit om berekraftig måneutforsking og utnytting».

Månevandring

Neil Armstrong var det første mennesket på månen. Han er kjent for å ha sagt desse orda:

Eit lite skritt for eit menneske, eit stort steg for menneskeslekta.

19 minutt etter at Armstrong hadde trødd på måneoverflata, gjekk også Edwin «Buzz» Aldrin på månen. Dei to astronautane hadde reist med romfartøyet Apollo 11 til månen saman med ein tredje astronaut, som heitte Michael Collins. Men han måtte vente i romfartøyet og fekk ikkje gått på månen.

Neil Armstrong og Edwin «Buzz» Aldrin gjekk rundt på månen i to og ein halv time. Dei tok bilde, samla inn månestein til forsking, sette opp eit amerikansk flagg og la igjen minnesymbol.

Konkurrerte om å vere først

Etter andre verdskrig konkurrerte USA og Sovjetunionen om å utforske verdsrommet. Dette blir kalla romkappløpet. Då Apollo 11 landa på månen, blei det sett på som ein siger for USA.

FOTAVTRYKK: Astronauten Buzz Aldrin tok dette bildet av eit fotavtrykk på månen 20. juli 1969. Foto: NASA

Så langt har totalt 12 menneske gått på månen. I dei seinare åra har mykje av romforskinga handla om Mars. Nokon meiner det er snakk om eit nytt romkappløp.

Les også: Det nye romkappløpet – landa kjempar om månen og Mars