Utan Vasili Arkhipov er det ikkje sikkert du hadde vore her

Vasili Arkhipov er ein heilt ekte helt for verda.

Utan han hadde du sannsynlegvis ikkje vore her. Under Cuba-krisa i 1962 redda han verda.

Heile verda heldt pusten då USA og Sovjetunionen var midt i den kalde krigen. Denne perioden var den farlegaste. USA hadde nyleg oppdaga at Sovjetunionen hadde sett opp ein missilbase i Cuba. Dette betydde at dei var berre nokre minuttar unna å øydelegga heile austkysten.

Men her kjem helten inn i bildet. Han var kaptein på ein ubåt rundt Cuba på den tida. Ubåten var lasta med eit missil som var utstyrt med ei atombombe.

Plutseleg begynte båten å rista. Dei hadde blitt angripne, og alle om bord var i panikk, men Vasili var roleg. Det var tre kapteinar på ubåten. For å avfyra missilet måtte alle seia ja. Dei to andre kapteinene ville avfyra, men Vasili sa nei.

Viss tredje verdenskrig hadde starta på overflata, ville ubåten ha eksplodert for lenge sida. Desse bombene rista berre litt på båten. Så Vasili trodde dei berre ville snakka. Til slutt blei dei andre einige, og som han sa, amerikanarane ønskte berre å snakka. Og dermed skjedde ikkje tredje verdskrig.

Slik redda éin mann verda.

 

Bidraget blei kåra til eit av dei beste i skrivekonkurransen om heltar i regi av Foreningen Les! og Framtida Junior i samband med Tid for ti-aksjonen.