Norsk medaljerekord i friidrett

Jakob Ingebrigtsen kunne juble for fleire rekordar under europameisterkapet i friidrett.

Årets EM i friidrett har vore eit lyspunkt for nordmenn. Etter at Jakob Ingebrigtsen onsdag tok gull på 1500-meteren sikra han både ein personleg rekord og ein rekord for Noreg.

Han har no seks-EM-titlar, noko ingen annan mannleg utøvar har greidd.

23-åringen har tatt gull i alle EM-løp han har stilt opp i gjennom karrieren. Han sette òg ny meisterskapsrekord med tida 3.31,95. Men det er ikkje berre Jakob Ingebrigtsen som kan juble. Etter gullet hans onsdag, har Noreg fått ny medaljerekord i eit EM, med fire gull, to sølv og ein bronse.

Gullvinnarar:

  • Jakob Asserson Ingebrigtsen, 5000 meter og 1500 meter
  • Karoline Bjerkeli Grøvdal, halvmaraton
  • Karsten Warholm, 400 meter hekk

Sølvvinnarar:

  • Karoline Bjerkeli Grøvdal, 5000 meter
  • Sander Aae Skotheim, tikamp

Bronsevinnar:

  • Marie-Therese Obst, spyd

Kjelde: Friidrett.no