Jakob Ingebrigtsen har sett ny verdsrekord

Jakob Ingebrigtsen knuste gjeldande rekord på 1500 meter i innendørsstevnet i Lievin.

Tida 3.30,60 var drygt fire tidelar betre enn den gamle rekorden.

– Det er jo ein draum som går i oppfyllelse, seier Ingebrigtsen til NRK etter rekorden.

Dette er Jacob Ingebrigtsen:

  • Jakob Ingebrigtsen er ein av dei raskaste mellomdistanseløparane i verda.
  • Han er yngre bror av friidrettsutøvarane Henrik og Filip Ingebrigtsen, som saman utgjer Team Ingebrigtsen.
GIF: Giphy.com
  • Han vart olympisk meister på 1500 meter i Tokyo i 2021 med ny olympisk rekord på 3.28,32.
  • Per februar 2022 har han verdsrekorden på 1500 meter innandørs (3.30,60), og europarekorden på 1500 meter (3.28,32) og 5000 meter (12.48,45) utandørs.
  • Ingebrigtsen vart U20-europameister på 5000 meter og 3000 meter hinder i 2017, og vann 1500 meter og 5000 meter i EM i friidrett 2018.
  • Han har òg tre EM-gull innandørs, frå 2019 og 2021.

(Kjelde: Wikipedia)