Mathias har køyrt motocross sidan han var fem år

- Det er bra oppmøte og me kan konkurrera. Fellesskapet er godt, fortel Mathias Kråkevik (12) om kva som er kjekt med motocross. 

Guten frå Aga i Hardanger, har drive med crossing sidan han var fem år. Dei har ein eigen bane i nærleiken, der dei kan møtast for å testa syklane og konkurra mot kvarandre. Han køyrer to gonger i veka heile året, utanom då det er snø og frost i bakken.

– For to år sidan var eg med på eit løp. Det var mange som var betre enn meg, men det var no for fyrste gong, legg han til.

Faren viste han sporten

Han trur det faren sin forteneste at han starta med sporten.

– Far min arbeidde med bana vår på Utne. Han køyrer motorsykkel og så ville han at eg skulle verta interessert. Eg fekk ein crossar til bursdagen, då eg var fem år.

Mathias Kråkevik (12) har køyrt cross sidan han var fem år. Foto: Privat

Det er litt å passa på når ein driv med crossing.

– Ein må ha hjelm, og beskyttelse. Så må ein ta det roleg, ein veit aldri kor den andre skal gå, fortel han.

Er som oftast ikkje skummelt

Mathias Kråkevik (12) likar fellesskapet i motocrossmiljøet. Foto: Privat

– Er du av og til redd?

Mathias dreg litt på det.

– Når det går gale er det jo av og til litt sånn. Men det er som oftast ikkje skummelt.

Mathias anbefalar andre å starta opp med sporten.

– Det er jo det, som eg sa om fellesskapet. Det er mange som driv på. Mange vaksne òg. Faren min køyrer og andre foreldre. Ein del vaksne køyrer ikkje, men dei berre hjelp til. Det er veldig kjekt å vera der. Sosialt, rett og slett, fortel han.

Då Corona kom endra ting seg

– Me kunne ikkje selja ting i kiosken og me kunne ikkje treffa så mange ute. Me måtte stengja ned ein periode.

Når det er kaldt, vert jorda for frosen, fortel Kråkevik.

I mellomtida mekkar han litt.

– Eg har no bytta stempel, fortel han.