Helene Uri: – Eg blir forelska i ord

I arbeidet med boka «Rare ord» bladde forfattar Helene Uri i tallause bøker for å finna fram til dei aller kulaste og raraste orda som finst. Nokre ord blei ho rett og slett forelska i.

Helene, som er både forfattar og språkvitar, har ein stor kjærleik for språk. Ho er oppteken av at ord ikkje er farlege – og at barn og unge taklar vanskelege ord like godt som vaksne. 

Eg minnast at det å lesa ukjende vanskelege ord gjorde meg nyfiken då eg sjølv var barn. Det er jo slik vi lærer og utviklar språket vårt. Difor er det viktig å ikkje vera redd for vanskelege ord, seier ho. 

JAKTA PÅ ORD: Då Helene Uri skreiv «Rare ord» gjekk ho med rare ord i bakhovudet heile tida. Bokomslag: Cappelen Damm

Sjølv har ho jakta på spennande ord heile livet.

Eg har ei samling med ord som eg har vorte litt forelska i. Eg kallar dei sukkertøyord. Då eg skreiv «Rare ord» brukte eg mykje tid på å bla i ordbøker, og då eg jobba med boka hadde eg rare ord i bakhovudet heile tida, fortel ho. 

Sette orda i banken

Ho laga seg ein «bank» med ord som skulle få æra av å bli med i boka. 

Idéen bak boka kom frå ei engelsk ordbok som heiter «The dictionary of difficult words» – omsett til «ordboka for vanskelege ord» på norsk. Eg trur eg kan bla opp på kva som helst side i den boka og finne eit ord eg ikkje kan, fortel ho. 

Ho har også funne seg nokre sukkertøyord i den nynorske ordboka.

– «Åtgaum» og «Åsynje», for eksempel. Eller «Ål» som er ordet for den mørke stripa på fjordingen. Dei orda likar eg veldig godt, seier ho.

Ord bind oss saman

Helene er fascinert av korleis orda pregar kvardagen vår.

Me lev ikkje ein dag utan ord. Me får ord på skulen, ord i smsar, ord i songtekstar, ord i bøker, ord i samtalar. Ord som bind oss menneske saman. Ord kan gjera heilt magiske ting. Tenk at eg kan overføra tankane eg har i mitt hovud til ein anna person. Eg kan tenkja på noko, og så kan eg seia det med lydar – og så veit du kva eg tenkte på. Det er ganske kult, seier ho. 

Boka byr på mange ord som kan overraska lesarane.

Eg lærte mange nye ord av å laga boka. For eksempel «mukofag». Det betyr ein person som et snørr! Eit ord sett saman av dei greske orda «mukos» som betyr «slim» og «fag» som betyr «ein som et», ler ho.

Illustrasjon: Kristin Roskifte