Medaljane i OL i Paris vil innehalde delar av Eiffeltårnet

Vinnarane får med seg ein bit av det kjente tårnet under OL i sommar.

Når Eiffeltårnet har blitt reparert og fiksa på, har delane som er til overs blitt lagra i eit hemmeleg varehus. No blir delane brukte på ny, nemleg i OL-medaljane. Utøvarane som vinn gull, sølv eller bronse vil få medaljar med ein bit av Eiffeltårnet, skriv BBC.

Den kreative sjefen for Paris 2024, Thierry Reboul, seier ifølge BBC: «Dette er ei moglegheit for utøvarane å ta med seg ein del av Paris. Eiffeltårnet er det absolutte symbolet på Paris og Frankrike.»

Dei olympiske leikane i Paris er frå 24. juli til 11. august, og dei paraolympiske leikane er frå 28. august til 8. september.