Tusenvis av parisarar deltok i gratis piknik på Champs-Élysées

Den berømte gata blei dekt med «verdas lengste piknikduk».

Søndag 26. mai organiserte ei gruppe lokale handelsmenn i Paris ein gratis piknik for innbyggarane i den franske hovudstaden. Det skriv The Guardian. Plassen for pikniken var ingen park, men den store handlegata Champs-Élysées.

Dei siste åra har luksusbutikkar som sel varer til turistar tatt over gata. Gruppa som arrangerte pikniken, ønsker å invitere parisarar tilbake til gata slik at det ikkje berre blir ein turiststad.

4 400 innbyggarar fekk lov til å ha med seg seks gjestar kvar og gata blei dekt med ein 216 meter lang raud og kvit piknikduk. Ifølge gruppa som organiserte pikniken, var dette «verdas lengste piknikduk». Åtte restaurantar serverte gjestene fransk mat, alt frå bagettar til makronar.

Dagen etter pikniken presenterte gruppa ein rapport med 150 forslag for å gjere Champs-Élysées betre.