Hunden Efruz elskar å surfe

Den fire år gamle Jack Russell terrieren elskar sjøen.

Eigaren til Efruz, Mauro Canella, er surfeinstruktør. Han seier ifølge The Guardian at hunden elskar sjøen. Dei to begynte å surfe saman for eitt år sidan. Det er dei ikkje åleine om å gjere på strendene i San Bartolo i Peru. Fleire hundar og eigarane deira surfar saman i helgene.

I Peru er det sommar frå november til mars, så vatnet er ikkje så kaldt. For å ta sikkerheita på alvor har Efruz på seg ein gul redningsvest når han surfar.