Bildet frå helikopteret til den islandske kystvakta viser ein vulkansprekk på kring fire kilometer. Flytande stein, magma, sprutar opptil 150 meter opp i lufta.
Geolog og vulkan-ekspert Ármann Höskuldsson seier til Morgunblaðið at utbrotet er mykje kraftigare enn dei siste utbrota i området.
– Dette er nok over om ei veke eller ti dagar. Dette er eit så kraftig utbrot at det blir fort ferdig, seier han til avisa.

Vulkansprekken ligg kort veg frå den islandske bygda Grindavik. Der har dei venta eit utbrot i over ein månad etter fleire kraftige jordskjelv som skapte fleire store sprekker i bakken.