Elefantflokk angreip bil som køyrde på babyelefant

Ein flokk elefantar i Malaysia gjekk til angrep på ein bil som trefte ein babyelefant.

Søndag førre veke køyrde ein mann, kona hans og sonen deira på ein motorveg i Malaysia. Det var regn og tåke i område, og då bilen skulle svinge til venstre, køyrde han inn i ein elefantbaby. Elefanten gjekk langs motorvegen saman med flokken sin, skriv CNN.

Elefantbabyen fall over ende. Då elefantflokken såg dette, snudde dei og gjekk til angrep på bilen. Dei tråkka på bilen og dytta i han slik at vindauga knuste og dørene blei bøygde innover.

Då elefantbabyen reiste seg igjen, gjekk flokken vidare. Lokale myndigheiter skriv ikkje om at nokon blei skadde eller drepne under angrepet, så det gjekk truleg bra med familien i bilen.

CNN skriv at elefantar i Malaysia dei siste åra har mista store leveområde fordi landet har bygd mange motorvegar. Det er derfor vanleg at elefantar går på motorvegane.