Det er urettferdig!

Eg synest at det er urettferdig at vi som har cøliaki må betale mykje meir enn dei som ikkje har nokon allergiar.

Eg har cøliaki og det har mor og lillesøstra mi og, det er ein allergi som gjer at eg ikkje kan ete gluten. Til dømes kostar brødet vi kjøper 100 kroner og eit vanleg brød kostar 28 kroner. Det synest eg er urettferdig.

Heldigvis har mor lært seg å bake glutenfritt, det er mykje lettare å bake med vanleg mjøl enn å bake med glutenfritt mjøl. Når ho bakar så får ikkje eg lov og vere med, ho seier det er for vanskeleg for meg.

Hadde eg bestemt, så skulle butikkar selje meir glutenfritt billegare. Det er ikkje feil å ha cøliaki. Det er heilt normalt. I Noreg er det meir enn 1 av 100 personar har cøliaki. Sjølv om mange ikkje veit at dei har det. Eg var heldig med at mor merka at eg hadde cøliaki allereie då eg var 3 år gamal. Mange stader sel dei ingenting glutenfritt, så når vi er nye plassar så må vi ofte leite rundt og spørje på alle kafear og restaurantar om dei har glutenfritt.

Når du har cøliaki og et gluten så får du veldig vondt i magen, og eg kastar opp. Nokon får berre vondt i magen eit døgn, andre ein dag. Nokon blir til og med sjuke ei veke, då spyr dei og har vondt i magen. Eg må av og til ha med eigen mat og kake i selskap, det er litt irriterande, for då får dei andre ofte betre kaker enn meg.

Det er berre meg og ei til i klassen med cøliaki. Vi har kantine på skulen. Dei andre har mykje større utval enn det me har.

Det er ikkje min feil at eg har cøliaki. Det er immunforsvaret, det er på ein måte soldatane i kroppen som vernar deg mot virus og bakteriar. Dei trur at gluten er ein farleg bakterie eller eit farleg virus då går dei til angrep på glutenet og det blir sendt rett ut av kroppen.

Viss du har cøliaki utan å vite om det, så blir du veldig slapp fordi tarmtottane trekker seg inn viss dei kjem i kontakt med gluten. Det er dei som tar ut energi. Frå maten får du då ingen energi. Viss du då har cøliaki så merkar du at du går ofte tom for energi, og at du blir ofte kvit i ansiktet.

Dette må me gjer noko med!