Barn frå heile verda fekk lov til å besøka pave Frans sist veke. Han snakka med barna om ønsket om fred i verda, og ønsket om våpenkvile både i Midtausten og i Ukraina og andre område med krig og konflikt.
Éin månad etter åtaket frå Hamas 7. oktober har over 10.000 palestinarar og 1430 israelarar blitt drepne. I Ukraina er over ein halv million menneske drepne eller såra etter at Russland gjekk til åtak 24. februar i fjor.
Paven er sjefspresten for den katolske kyrkja.