14-åring fann opp såpe for å behandle kreft

14 år gamle Heman Bekele er kåra til USAs fremste unge forskar. 

Heman Bekele stakk av med sigeren i «3M Young Scientist Challenge» etter å ha utvikla eit såpestykke som kan brukast i behandling av hudkreft. Han budde i Etiopia dei fire første åra av livet, og hugsa at folk arbeidde heile dagen i sola. Det inspirerte han til å forske på hudkreft.

14-åringen ville finne opp noko som så mange som mogleg kan nytte og som er praktisk. Innhaldet i såpa, skal bidra til å reaktivere cellene som beskyttar huda, slik at dei kan overvinne kreftceller. Han har utvikla ein prototype saman med ein rettleiar.

I videoen Heman sende inn til konkurransen, seier han at han vil «kurere kreft, eitt såpestykke av gangen».

Det finst allereie kremar og salvar med liknande funksjon, men den unge forskaren trur ikkje det tidlegare har blitt brukt såpe til å overvinne hudkreft.

Han vonar på sikt å få såpa godkjent av det amerikanske Food and Drug Administration og ønsker å starte ein ideell organisasjon som vil dele ut såpa.