Amerikanske forskarar har sett nærmare på korleis dei kan hjelpe menneske som reagerer allergisk når dei et peanøtter, skriv TV 2. Dei fann ut at ein spesiallaga tannkrem kan hjelpe mot allergien. Den spesielle tannkremen inneheld ørsmå mengder peanøtter.
32 vaksne i alderen 18 til 55 år var med i studien. Nokon av testpersonane var allergiske, andre hadde ikkje peanøttallergi. I løpet av 48 veker fekk personane anten stadig meir tannkrem med peanøtt, eller heilt vanleg tannkrem. Forskarane passa nøye på testpersonane, for nokon med peanøttallergi kan få ein allergisk reaksjon som er farleg.
Studien viste at dei som hadde allergi og fekk tannkrem med litt peanøtt, tolte peanøtter betre etter at studien var over. Forskarane vil no sjå meir på kva effekt den spesielle tannkremen vil ha over lengre tid.