Svensk ordbok ferdig etter 140 år

137 svenskar har i løpet av åra arbeidd med å fullføre den offisielle ordboka.

I 1883 begynte arbeidet med å lage ei offisiell svensk ordbok. I førre veke blei siste del sendt til trykkeriet, skriv The Guardian. Ordboka er laga av Svenska Akademien og er på totalt 33 111 sider.

Må legge til moderne ord

Men arbeidet med ordboka er ikkje heilt ferdig. Sidan dei har brukt over hundre år på å fullføre ordboka, må dei no bruke litt tid på å legge til moderne ord. Moderne ord som skal leggast til, er for eksempel «allergi», som først blei ein del av svensk språk på 1920-talet, og «app».