Operasjon Spiderweb har vore ei gruppe i Sør-Vest politidistrikt som skulle førebyggja, avdekkja, etterforska og føra nettovergrepssaker mot barn for retten, skriv NRK.
Operasjonen har ført til over 100 domfellingar på fire år. Ei domfelling er når ein person er funnen skuldig av ein domstol i å ha gjort ei straffbar handling.
Spiderweb har også stoppa pågåande overgrep mot barn i fleire politidistrikt.
NRK har snakka med nestleiar i justiskomiteen på Stortinget, Maria Aasen-Svendsrud (Ap), som seier at det viktige arbeidet mot nettovergriparar ikkje skal leggjast ned. Oppgåvene Spiderweb-gruppa har hatt, skal i staden fordelast ut over fleire politidistrikt i landet.
- LES OGSÅ: Kva er overgrep?
- LES MEIR: – Tissen, rumpa, pupper og munn er private område