– Tissen, rumpa, pupper og munn er private område

Mange barn opplever at søsken begår overgrep eller er valdelege. Kristin Stokke, som er fagleg leiar i Stine Sofies Stiftelse, har gode råd til deg som opplever at søsken trår over viktige grenser. Men kva er ok, og kva er gale?

Treng du nokon å snakka med?

Ring til alarmtelefonen for barn 116 111. Der kan du vera anonym og spørje om det du lurar på. Det er gratis og telefonen er open heile døgnet kvar dag.

Du kan også ringa 116 006 som er ei døgnåpen teneste for alle som opplever vald eller overgrep.

LES FAKTALUKK FAKTA
Tema: kroppen
Illustrasjon: Pixabay, Kollasj: Framtida Junior

Kva er grensa mellom vald og knuffing? 

– Grensa går når du blir redd eller at du kjenner at noko blir feil. Når du er redd for kva søskenet ditt vil gjera mot deg, er det meir enn berre litt knuffing. Då er det viktig å snakka med ein vaksen om det du opplever.

Kva er seksuelle overgrep frå søsken?

– Ein tredjedel av alle overgrep blir begått av unge, og det skjer også at søsken gjer dette mot søsken. Då blir det ofte slik at barn strevar med å seia det til mor eller far, i frykt for å ikkje bli trudd. Viss dette skjer med deg er det utruleg viktig at du snakkar med nokon. Det kan vera nokon andre enn mor eller far – for eksempel læraren din, helsesjukepleiar på skulen eller nokon andre som kan hjelpa deg.

Kor går grensa for kva som er greitt?

– Grensa går når du meiner søskenet ditt gjer noko med din kropp som er ubehageleg for deg. Tissen, rumpa, pupper og munn er private område. Dette er delar av kroppen du skal ha for deg sjølv og som du sjølv skal bestemma over. 

GIF: Giphy.com

Er det normalt at barn viser rumpe og tiss til kvarandre?

– Ein del små barn viser tiss og rumpe til kvarandre, men det må vera noko som kjennest ok for begge. Det skjer av og til i leik og utforsking mellom barn som har cirka same alder, men dette gjeld små barn. Oftast under 6-7 år. 

Korleis snakke med foreldra dine om søsken som er valdeleg eller som begår overgrep?

– Det er eit vaksenansvar å stoppa både vald og overgrep. Sei til foreldra dine eller ein annan vaksen kva det gjer med deg. Til dømes «Eg blir redd når ho slår meg», «Eg blir trist når han sparkar meg», «Eg blir redd når ho tar på meg». Sei korleis du føler det når søskenet ditt gjer noko som er ikkje er ok for deg.

Viss det er vanskeleg å snakke med foreldra dine, er det mange andre som står klar til å hjelpe deg.

– Eit godt råd er å snakka med ein vaksen du stolar på. Ein slektning, ein lærar, helsesjukepleiaren på skulen, eller ein nabo.

 

Kva er overgrep?

  • Seksuelle overgrep er når nokon tek på puppene dine, rumpa eller tissen din, får deg til å gjere noko med sin eigen tiss, eller tar sin tiss mot din tiss, utan at du vil det.
  • Seksuelle overgrep kan både skje om du er saman med ein person på ekte, men også via internett. Eit eksempel på overgrep via internett, er om ein vaksen sender nakenbilete av seg sjølv til deg.
  • Sjølv om du kan oppleve at det er litt godt å bli tatt på nokre av desse plassane, er det ulovleg at ein vaksen gjer dette. Det betyr at ein vaksen kan straffast.
  • Nokon vaksne seier noko dumt vil skje viss du seier det til nokon. Slikt seier dei berre fordi alle vaksne veit at dette er ulovleg, så ikkje høyr på det.
  • Det finst gode og vonde løyndommar. Døme på gode løyndommar er kva du skal gi i gåve til nokon. Vonde løyndommar kan vera at du må ta på tissen til ein vaksen, at ein vaksen kosar med tissen din, eller at ein ven har fortalt deg at ein vaksen gjer dette med han eller henne.

(Kjelde: barneombodet.no og jegvilvite.no)

Illustrasjon: Stine Sofies Stiftelse/Stine Sofie Barnehagepakke