Kripos fryktar overgrepsbilder laga av kunstig intelligens

Kripos, politiet i Noreg som samarbeider med politiet i andre land, fortel til NRK at kunstig intelligens blir misbrukt til å laga overgrepsbilder og videoar av barn.

Britiske medium avdekte nyleg at pedofile bruker kunstig intelligens til å laga overgrepsmateriale som ser veldig ekte ut, skriv BBC.

No førebur politiet seg på ein stor auke av slike ulovlege bilder også i Noreg.

– Slike bilete kan auka risikoen for at ein person med pedofili vil misbruke eit barn, seier Svein Øverland til NRK. Han er psykologspesialist og jobbar med å hjelpe personar som har pedofile tankar.

LES MEIR: Kva er overgrep?

Treng ei ny lov

NRK har snakka med Inga Strümke som er førsteamanuensis ved NTNU. Ho har skrive bok om kunstig intelligens, og meiner ei lov som styrer bruken av kunstig intelligens må på plass raskt.

LES OGSÅ: – Tissen, rumpa, pupper og munn er private område

– At denne typen teknologi blir misbrukt er ikkje overraskande. Når ein utviklar kraftig teknologi så er det nesten garantert at den ender opp med å bli misbrukt, seier ho.