Verdas eldste akvariefisk er mellom 92 og 101 år

Lungefisken med namn Methuselah kom til USA i 1938.

Viss du besøker Steinhart akvarium i San Fransisco, kan du sjå Methuselah. Lungefisken kom med dampbåt frå Australia til USA i 1938. Det er vanskeleg å vite nøyaktig kor gammal ho er, men ho er minst 92 år. Det gjer ho til den eldste fisken i fangenskap, skriv The Guardian.

Ein fisk med lunger

I tillegg til gjeller har lungefisken lunger. Han kan derfor puste i lufta. Lungefisken eksisterte då dinosaurane levde. I tillegg er det sannsynleg at ein slektning av lungefisken blei til dyr med bein, som kravla opp på land og til slutt utvikla seg til menneske, seier forskar David T. Roberts til The Guardian.

Akvariet der Methuselah bur snakkar om ho som om ho var ei dame. Men faktisk veit dei ikkje kjønnet til fisken. Lungefisken ser nemleg heilt lik ut på utsida uansett kjønn. Svaret på om fisken er dame eller mann får dei først når Methuselah er død.

Favorittmaten til Methuselah er fiken.