Lånte alligator utan lov til bursdagsbilde

Då politiet kom, låg alligatoren i badekaret.

Ei kvinne i Florida arbeidde tidlegare i dyrehagen Croc Encounters i Tampa. Då ho slutta å jobbe der, beheldt ho ein nøkkel inn til alligatorane. No er ho sikta for å ha stole ein alligator frå sin tidlegare arbeidsplass, skriv TV2.

Tidlegare denne månaden låste kvinna seg inn i dyrehagen, tok med seg ein alligator i bilen og køyrde han til eit hotell. Kvinna hadde bursdag og tok alligatoren fordi ho ønskte å ta bilde med han.

Då politiet kom til hotellet, låg alligatoren i badekaret. Politiet hjelpte alligatoren trygt tilbake til dyrehagen.