Dansk kunstnar stilte ut tomme lerret, må betale tilbake pengar

Kunstmuseet lånte han 532 000 danske kroner som skulle vere ein del av kunstverka.

Kunstnaren Jens Haaning fekk i 2021 i oppdrag frå Kunsten Museum of Modern Art i Aalborg å gjenskape kunst han hadde laga tidlegare, skriv The Guardian.

I kunstverket han laga i 2007, festa han pengesetlar på eit lerret. Kunstverket heitte «Ei gjennomsnittleg dansk årsinntekt». Han laga eit liknande kunstverk i 2011 som viste ei gjennomsnittslønn i Austerrike.

«Ta pengane og spring»

Kunstmuseet i Aalborg lånte Jens Haaning 532 000 danske kroner som han skulle feste på to lerret. Men då museet pakka ut kunstverka han hadde sendt dei, var lerreta tomme. Kunstverka hadde fått namnet «Ta pengane og spring». Då museet bad om å få tilbake pengane dei hadde lånt Haaning, nekta han å gi dei tilbake.

På måndag avgjorde ein domstol at kunstnaren må betale tilbake pengane han tok.