Danmark kan få tidenes yngste statsminister

Det har vore val i Danmark, og Socialdemokratiet gjekk sigrande ut av det med Mette Fredriksen (41) i spissen.

Mette Frederiksen – Socialdemokratiet (Fotograf Rune Johansen/ Wikipedia/ CC BY-SA 2.5 dk)

Alt ligg til rette for at det er Mette Fredriksen som blir det nye statsministeren i Danmark.

Socialdemokratiet er AP sitt søsterparti. Dei vil ha betre offentleg velferd og eit tryggare arbeidsliv. Dei vil auke skattar og avgifte

r. Dei fører ein streng asylpolitikk, med tak på ikkje-vestlege innvandrarar. Dei vil ha asylsenter i utlandet og ingen kvoteflyktningar inntil vidare.