Mann fekk bot for å surfe med slangen Shiva

Ein mann filma seg sjølv og kjæledyret Shiva mens dei surfa på bølgene i Queensland, Australia.

Videoen av pytonslangen Shiva og eigaren Higor Fuiza blei sett av mange, ifølge BBC. Også miljø- og vitskapsdepartementet i Queensland såg videoen. Denne veka fekk eigaren av slangen ei bot på 2 322 australske dollar. Det er om lag 16 000 norske kroner.

Sette Shiva i fare

Dyrepolitiet seier eigaren braut løyvet på å ha slangen som kjæledyr. I tillegg sette han Shiva i fare. Då han tok slangen ut i vatnet, gjorde han Shiva stressa.

– Slangar kan svømme, men reptil unngår helst vatn, sa Jonathan McDonald frå dyrepolitiet i ein uttale.

– Vatnet ville vore ekstremt kaldt for pytonslangen, og dei einaste slangane som skal vere i havet, er havslangar, sa McDonald.

Ifølge BBC har eigaren tidlegare sagt til media at Shiva elskar vatn og at dei har surfa saman minst 10 gonger.

Send inn!

Please enter your comment!
Please enter your name here