I India skapte månelandinga mykje spenning i heile samfunnet. Det vart bede for suksessen, skular sørga for at elevane kunne sjå månelandinga på TV, og mange arrangerte festar for å feire hendinga.
Statsminister Narendra Modi har no bestemt at frå no av skal 23. august markerast som «National Space Day». Det kunngjorde han då han snakka med forskarar frå den indiske romforskingsorganisasjonen ved ISRO kommandosenter i Bengaluru, ifølgje IndiaTVNews.
#WATCH | "On 23rd August, India hoisted flag on the Moon. From now onwards, that day will be known as National Space Day in India", says PM Modi pic.twitter.com/K16gbmUT2T
— ANI (@ANI) August 26, 2023