Over 36 000 skulebarn frå 1.-7. trinn er påmeldt den årlege kampanjen, og skal ta beina fatt for klima og miljø frå 4. september til 25. september.
Deltakarane får poeng ved å gå, sykla eller reise kollektivt til skulen, og ved å løysa kreative miljøutfordringar undervegs. Det er organisasjonen Miljøagentane som står bak aksjonen.
Åttande gong
I år er det åttande gong Beintøft går av stabelen. Aksjonen har som mål å få fleire barn til å reisa miljøvennleg til skulen. Det leier til mindre CO2-utslepp, mindre mikroplast i naturen og tryggare skulevegar.
– Bilen er ein miljøsyndar på fleire måtar. I tillegg til at fossilbilar slepper ut CO2, er bildekk ei av det største kjeldene til at mikroplast hamnar i naturen. Heile 40 prosent av mikroplasten i naturen kjem frå trafikken, fortel Annam Chaudhry, prosjektleiar i Miljøagentene i ei pressemelding.
30.000 til vinnarklassen
Kilometrane klassane legg bak seg undervegs kan komma godt med, då det skal delast ut heile 25 premiar på til saman 150 000 kr.
Hovedpremien er på 30.000 kroner, så klima- og miljøengasjementet til klassane kan verkeleg lønna seg.