Startskot for årets Beintøft-aksjon

Dei neste vekene skal over 45.500 elevar frå heile landet konkurrera i å gå, sykla og reisa kollektivt til skulen.

Alle skuleklassar frå 1.-7. trinn kan delta og konkurrera om å bli landets mest beintøffe klasse, som stikk av med heile 30.000 kr. I år starta aksjonen 5. september og varer til 30. september. Det er òg premiar til beste klasse i kvart fylke og på kvart trinn.

Gjennom å velja klima- og miljøvennleg transport er ein med på å forureina mindre, skapa tryggare skulevegar og ikkje minst ta vare på naturen.

– Vaksne køyrer stort sett bil til jobb, medan barn og unge brukar beina eller tar kollektivtransport til skulen. Vi håper foreldra kan la seg inspirera og la bilen stå litt oftare, seier Kaspar Tjeldflaat Steudel, prosjektleiar i Miljøagentene, i ei pressemelding.

Er du og klassen din med på Beintøft? Snakk gjerne med foreldra dine eller læraren din og send bilde av korleis de kjem dykk til skulen til junior@framtida.no.