Kvar får politiske parti pengar frå?

Brosjyrar, reklamar i sosiale medium, handlenett og kulepennar med logoar trykt på kostar pengar. Men, kven betaler for alt dei politiske partia brukar pengar på?

Ung.Forskning.no har snakka med Jana Birke Belschner som er postdoktor ved Institutt for samanliknande politikk på Universitetet i Bergen.

– Dei politiske partia får mest pengar frå staten vår, seier Jana Birke Belschner.

Pengane frå staten kjem mellom anna frå skattepengane folk betaler inn. Folket er derfor med på å betala for partia. Men partia får ikkje like mykje. Dei får pengar etter kor mange stemmer dei får. Resten av pengane partia bruker, kjem frå gåver. Det kan komma frå vanlege folk, men også organisasjonar med ulike ønske og behov.

Brosjyrar og plakatar

Dei ulike partia brukar pengane på forskjellig måte.

– Rundt halvparten går til å halda partia i gang, seier Belschner.

Den andre halvparten av pengane går til valkampen. Då er det om å gjera å få folket som skal stemma med på laget sitt. Partia reiser rundt i landet, kjøper brosjyrar og plakatar. Dei trykkjer også logoane sine på forskjellige ting som dei deler ut.