Dyrehage må avgrense mobilbruk for gorillaer

Gjestane til Toronto Zoo viser for mykje mobilvideo til apene.

Det er ikkje berre barn som kan få for mykje skjermtid. Gorillaer er også utsette.

Ein dyrehage i Toronto, Canada, kom tidlegare i sommar med ein streng beskjed til gjestane sine:

“(…) ver så snill, la vere å vise dei videoar og bilete, sidan noko innhald kan vere forstyrrande og påverke forholda og åtferda deira i familien.»

Det var beskjeden som sto på glasveggen inn til gorillaene i dyrehagen i starten av juli. Gjestar har nemleg fått for vane å vise ting med mobilane sine til gorillaene.

– Vi vil berre at gorillaer får vere gorillaer, sa Hollie Ross, som er ansvarleg for dyra, om beskjeden.

Spesielt éin gorilla, Nassir fødd i 2009, har blitt svært oppteken av dei forskjellige tinga gjester har vist. Ifølgje ei skildring av han på nettsida til dyrehagen er han:

«Ein typisk tenåring, fascinert av videoar, og livet hans ville vore dominert av skjermtid dersom han fekk vilja si.»

– Eg trur han for det meste ser videoar av andre dyr. Likevel tenker eg det er viktig at han får henge med bror sin og vere ein gorilla, kommenterer Ross.

Å henge med bror sin er noko av det Nassir likar best når han ikkje er avhengig av mobilskjermar.

Denne artikkelen vart først publisert på Framtida.no, som er Framtida Junior si søsteravis.