Tvillingpandaer fødde i Sør-Korea

Tvillingane blei fødde fredag 7. juli.

The Korea Herald skriv at fødselen skjedde i Everland, ein fornøyelsespark sør for hovudstaden Seoul som også har ein dyrehage.

Dei to bjørnungane er jenter og veg berre 180 og 140 gram. Dei har ikkje fått namn enno.

Nesten halvparten av alle pandafødslar er tvillingar. Likevel er dette første gong eit tvillingpar blir fødde i Sør-Korea.

Pandaforeldra Ai Bao og Le Bao kom til Sør-Korea i 2016 og er på lån frå Kina.