Den brasilianske miljøstyresmakta Ibama stoppa to selskap som prøvde å sende haifinnar ut av landet, skriv BBC. Ibama rekna ut at for å få 28,7 tonn haifinnar, er om lag 10 000 blåhaiar og makrellhaiar drepne. Ifølge BBC trur Ibama dette er det største antalet ulovleg fiska haifinnar som er funne i verda.
Boksane med haifinnane var på veg til Asia, der dei blir brukte i suppe.
Det er ulovleg å fiske etter hai i Brasil, og fleire haiartar er truga av utrydding. Dei to selskapa som eigde boksane med haifinnar, fekk bot for den ulovlege fangsten.