Papegøyar redda frå smugling

Flyplasstilsette i Florida blei mistenksame då dei høyrde rare lydar frå ein koffert. Då dei undersøka den fann dei 29 papegøyeegg.

Ifølgje tiltala mot mannen vart han stoppa for ein inspeksjon på grunn av ein uvanleg lyd som kom frå kofferten hans. Etter å ha sjekka bagasjen flyplasstilsette 29 egg, eitt av dei hadde allereie klekt ut ein liten papegøye.

Ein veterinær og ein spesialist vart kalla til staden for å finna ut kva art papegøyane var. Dei tok DNA-prøvar og oppdaga at dei 24 papegøyane som overlevde hadde åtte eller ni klør og var frå to ulike artar – Gulnakka Amazon og Raudryggamazon.

Dei 24 papegøyane fekk flytta inn hjå eit dyrereservat, der dei blir tekne vare på av veterinærar og dyrepleiarar.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Rare Species Conservatory (@rarespec)

Diverre er desse papegøyeartane utryddingstruga. Eit av dei største trugsmåla mot artane er sånne som mannen, som tek med seg fuglane frå deira naturlege habitat for å selja dei. Mannen som prøvde å smugla dei er sikta og kan få opp til 20 års fengsel.