Dei får komme inn gratis på badelandet i ei veke, skriv NRK. Tilbodet gjeld for alle barn frå 0 til 16 år.
Politikarane bestemte dette på tysdag under barnas- og ungdommens kommunestyremøte. Grunnen til badeland-gåva, er at vêret har vore skikkeleg kaldt og vått i det siste.
– Vi håper dette kan hjelpe på sommarfølelsen hos barn og unge i heile Tromsø. God bading og god sommar! seier ordførar Gunnar Wilhelmsen i ei pressemelding.