Dette må du vite før du badar

For at alle skal vera trygge i vatnet er det viktig at alle kan badevettreglane utanåt.

Det er lett å tenkje at ein kan symje 25 meter i bassenget – så då klarar ein dei tre meterane frå brygga og inn til badestigen i sjøen. Men utandørs er det mykje kaldare vatn og tre meter blir fort mykje lengre enn ein trur, seier Trude Aastad i Norges Livredningsselskap.

Det er ikkje utan grunn at dei fleste drukningar skjer kun få meter frå mogleg redning.

Når ein er ute for å bade vert ein fort ivrig – og ein kan gløyme å tenkje at ein skal ta omsyn til reglane. Difor må ein kunne dei utanåt. Då verkar dei best, fortel Trude.

Ikkje hopp i havet før du kan dette:

  1. Bruk redningsvest i båt, på brygga, og nær vatn.
  2. Lær å symje.
  3. Før du går ut i vatnet må du vera sikker på at du klarer å kome deg opp att.
  4. Bad helst saman med andre.
  5. Stup berre der det er djupt.
  6. Svøm langs land.
  7. Svøm ikkje under ei brygge eller føre stupebrett.
  8. Skubb ikkje andre ut i vatnet, og dukk aldri nokon andre under vatn.
  9. Hald deg på land viss du kjenner deg kald eller uvel.
  10. Rop på hjelp berre viss du er i fare – aldri elles!
  11. Bad aldri når du er svolten eller når du nett har ete mat.

Kjelde: Norges Livredningsselskap