Forskarar vil bruke gamle bleier til å bygge hus

Forskarar ved University of Kitakyushu i Japan foreslår å blande brukte bleier i betongen.

I løpet av dei første åra våre, bruker vi tusenvis av bleier. Gamle bleier blir kasta i restavfallet og deretter brent. Men mange stader hamnar bleiene i naturen. For eksempel hamna fleire bleier i ei elv i Indonesia, ifølge The Guardian.

I ein forskingsartikkel har japanske forskarar derfor sett på om det går an å bruke gamle bleier til noko nyttig i staden for å kaste dei.

Bleie-betong

For å bygge eit hus, bruker ein ofte betong. Betong er ei blanding av sement, sand, grus og vatn. Dei japanske forskarane prøvde å byte ut litt av sanden med tørka, malne bleier. I studien bygde dei eit hus med bleie-betongen. Dei fann ut at det gjekk fint å byte ut litt av sanden med brukt bleie.

Det var forskning.no som først melde om saka.