Marion (11) reddar ekorn

Kva gjer du viss du finn ein ekornunge? Det veit Marion Rosenblad, som har hatt fleire ekorn heime.

Mor til Marion er nemleg fosterheim for ekorn. Det betyr at ho tar imot ekorn som treng ein stad å vere til dei kan sleppe ut i naturen igjen.

Ein ekornunge Marion hugsar spesielt godt, var Pablo.

– Pablo fall ned frå taket der ekornmora hans hadde bygt hus, fortel Marion.

Mannen som fann Pablo, prøvde først å la ekornungen vere i fred på bakken. Av og til kjem nemleg ekornmora tilbake for å hente ungar som fell ned.

Men mora til Pablo kom ikkje. Derfor trong han ein menneskeheim å vere i til han kunne klare seg sjølv. Då Marion fekk Pablo heim, var han 3 veker gammal.

– Han hadde ikkje eingong opna augo sine.

FEKK SJEKK HOS VETERINÆREN: Pablo blei heldigvis ikkje skada av fallet. Foto: Privat

Stort ansvar

Det er mykje arbeid med ein ekornunge. I begynninga måtte Pablo matast kvar tredje time. For at Marion skulle få sove om natta og ha tid til å gå på skulen om dagen, tok mor hennar seg av ekornet mest i denne perioden.

– Men då eg kom heim frå skulen, gav eg han mjølk. Det var ikkje vanleg mjølk, for det toler ikkje ekorn, men kvalpemjølk. I tillegg hjelpte eg Pablo å gå på do.

Sidan Pablo var så liten då han kom til Marion, sov han mesteparten av døgnet. Då han blei eldre, blei han meir aktiv.

– Han budde dei første vekene inne i eit bur, men eg hadde han litt ute kvar dag for å aktivisere han med leiker og klatring. Han hadde ingen ekornvenner, så eg måtte vere det for han, seier Marion.

AKTIVT EKORN: Pablo blei raskt flink til å klatre hos Marion. Foto: Privat

Etter ei stund flytta han ut i ei større innhegning.

– Då kunne eg ikkje kose så mykje med han fordi han måtte lære seg å bli vill igjen. Han skulle jo sleppast laus i skogen, så då var det viktig at han ikkje trudde at vi menneske var familien hans.

Trist å sleppe han fri

Pablo budde hos Marion til han var 14 veker gammal. Då slapp han ut i skogen igjen.

– Det gjekk veldig bra. Eg og mamma var innom han kvar dag i to veker, og vi såg han kvar gong. Etter dei to vekene let vi han vere åleine, fortel Marion.

Men det var ikkje berre lett å seie ha det til Pablo.

– Det var både vondt og trist å sleppe Pablo fri igjen. Men det er ikkje lov å ha ville dyr i fangenskap heile livet deira. Dei tilhøyrer naturen. Vi hjelper dei berre for at dei skal få ein ny sjanse i livet.

Marion har eitt råd til kva andre skal gjere viss dei finn ein ekornunge.

– Det første du bør gjere er å få tak i ein vaksen som kan hjelpe til. Den vaksne kan ringe til Ekornhjelpen, som er ein organisasjon som hjelper ekorn.

Ho minner om at ekorn ikkje berre er søte:

– Ekorn kan bite, dei kan ha lopper og lus i pelsen sin, og dei er skikkeleg rampete, fortel Marion.