Gruvearbeidarar fann mystisk pelsklump

I området Yukon i Canada fann gruvearbeidarar ein samanpakka klump av brun pels. For å finne ut kva som var inni pelsklumpen måtte forskarar bruke røntgen.

Forskarane var redde for å øydelegge pelsklumpen viss dei opna han, skriv ung.forskning.no. Derfor bestemte dei seg for å ta røntgen av han.

SÅG SKJELETTET MED RØNTGEN: Bilda viste at pelsklumpen var eit arktisk jordekorn. Foto: Yukon Beringia Interpretive Center på Facebook

Bilda viste at pelsklumpen var eit 30 000 år gammalt jordekorn.

– Vi kunne sjå at det var i god stand og at det berre var krølla saman som om det sov, seier veterinæren Jess Health til CBS News.

ARKTISK JORDEKORN;: Slik ser eit levande jordekorn ut. Foto: Pixabay

Det arktiske jordekornet levde under istida. Sannsynlegvis hadde det lege i dvale då det døydde.