Han gav ut den nær fire minuttar lange songen samtidig på koreansk, engelsk, japansk, kinesisk, spansk og vietnamesisk. Men det er ikkje fordi Lee Hyun er så utruleg god i språk. Han har tatt i bruk kunstig intelligens.
Artistbyrå satsar på kunstig intelligens
Artistbyrået til Lee Hyun heiter Hybe. Dette byrået, som også er byrået til BTS, har tatt i bruk ein teknologi som dei kallar «Supertone». Denne teknologien kombinerer stemma til Lee Hyun med andre folk. Resultatet er at det høyrest ut som om han snakkar alle språka flytande.
I tillegg til språk skiftar stemma kjønn i ein del av songen, slik at det høyrest ut som det er ei dame som syng.
– Sjølv om vi eksperimenterer med ny teknologi, er det viktig at vi bruker teknologien for å hjelpe artistane til å formidle bodskapen sin med musikken, sa ein av direktørane i byrået, Jung Woo-yong, ifølge The Korea Herald.
Kvifor artistnamnet Midnatt?
Lee Hyun sa på ein pressekonferanse at han valde artistnamnet Midnatt fordi det betyr, ja, nettopp, midnatt, på svensk.
– Midnatt er startpunktet for ein ny dag og den nye dagen begynner i mørkret. Eg synest det ordet fortel godt historia eg ønsker å fortelje, fortalde han.