Tempelet inneheld alle elementa i det hinduistiske kosmoset – som representerer det gode, det vonde og mennesket, og dessutan element av den hinduistiske kjensla av den sykliske naturen i tida og det viktigaste i livet.
Den rette staden for eit tempel er ein stad med vatn og hagar der blomar blomstrar, fuglar blir høyrde og dyra er trygge.
Meenakshi-tempelet er eit av dei mest berømte templa som prydar byen Madurai i India. Røtene til tempelet er om lag 2500 år gamalt, like gamal som byen. Det er same stad der gud Shiva og gudinna Parvati (også kalla Meenakshi) gifta seg.
Tempelet blir besøkt av 15.000 menneske kvar dag. Det er rundt 3.000 skulpturar i tempelet.