20 prosent unge er utan venner

Ein av fem unge mellom 12 og 20 år seier at dei ikkje har venner og éin av ti har ikkje nokon å vera med.

Desse tala kjem fram i rapporten «Korleis har du det – eigentleg?» utført av Opinion for Mental Helse.

– Mange melder også om dårleg psykisk helse, seier Linda Berg-Heggelund, generalsekretær i Mental Helse til NRK.